Opptak i barnehage – kommunen sitt ansvar

Kommunen har ansvar for å oppfylle retten til barnehageplass. Når kommunen legg til rette for barnehageplassar, må ein ta omsyn til tilflytting, brukarane sine ønske og behovet for plassar for barn over og under tre år.

Alle godkjende barnehagar i kommunen skal samarbeide om opptak av barn. Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess, der ein tek omsyn til mangfaldet og eigenarten til barnehagane. Brukarane sine ønske og behov skal leggjast vekt på i opptaket. Ved ein samordna opptaksprosess skal ein sikre lik handsaming av barn og av  kommunale og private barnehagar.

Barnehageloven § 12 

Barnehagen sitt formål, opptakskrets, opptakskriterium og eigarform skal respekterast. Felles myndigheit for opptak og felles opptakskriterium kan vere høveleg og kan avtalast.  Men plikta til å samarbeide om opptak, innskrenkar ikkje barnehagen sin rett til å definere opptakskretsen i vedtektene, og til sjølv å gjere opptak av det einskilde barn i tråd med forskrift om saksbehandlingsregler.

Nærmare om prioritet ved opptak etter barnehageloven § 13

Søknadsskjema og søknadsfrist

I Karlsøy kommune er det ett barnehageopptak i året. Fristen for å søke om barnehageplass er 1. mars hvert år.

Elektronisk søknadsskjema for barnehageplass finner du her.

Dersom du ønsker søknadsskjema i papirformat kan dette fås ved henvendelse til postmottak@karlsoy.kommune.no eller ved å ringe kommunens sentralbord 777 46 000

Kommunale vedtekter barnehagene i Karlsøy finner du her.