Merkur programmet
Støtteordninger for distriktene

Gode kommunar og fylkeskommunar
Utlysing av midlar til heilt ny investeringsstøtte til drivstoffanlegg og ordinær utviklings- og investeringsstøtte.
Vi viser til at Kommunal- og regionaldepartementet no har lansert ei heilt ny støtteordning for drivstoffanlegg i distrikta. Ordninga skal trygge drivstofftilgangen i distrikta. I tillegg lyser me og ut midlane til den ordinære utviklings- og investeringsstøtta, ho skal medverke til at daglegvarebutikkane i marginale marknader kan ta større investeringar for å modernisere og bli meir konkurransedyktige. Merkur-programmet forvaltar desse ordningane for Kommunal- og regionaldepartementet.
Begge ordningane krev ei påteikning frå kommunen.
- For søknader om støtte til drivstoffanlegg skal attestasjonene inneholde stadfesting av avstand til næraste drivstoffanlegg og eventuelt ei lokal vurdering av tiltaket.
- For søknader til utviklings- og investeringsstøtte skal kommunen signere på søknadsskjemaet, eventuelt i eige vedlegg, og stadfeste kva tenester/oppgåver butikken utfører for kommunen og stadfeste avstanden til næraste daglegvarebutikk, samt gje ei vurdering av kor viktig dette tilbodet er for bygda. Det krevst påteikning av kommunen sjølv om butikken ikkje utfører tenester/oppgåver for kommunen.
Nytt av året er at ingen av stønadsordningane har søknadsfrist, ein kan søke heile året.
Kommunal- og regionaldepartementet medverkar til å styrke sørvistilbodet i distrikta gjennom Merkur-programmet (merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar.) Siktemålet for programmet er at butikkane skal bli meir attraktive og konkurransedyktige, gjennom kompetansetiltak og rettleiing. Merkur-programmet har vore i drift i over 15 år, og har synt gode resultat. Meir informasjon finn de på www.merkur-programmet.no
Den nye investeringsstøtta til drivstoffanlegg
Eit godt tenestetilbod er ein viktig føresetnad for å skape attraktive lokalsamfunn i heile landet. Mange av daglegvarebutikkane i Merkur-programmet har i dag eit drivstofftilbod som ein av sine tilleggstenester, det er gjennom desse utfordingane med å halde oppe drivstofftilgangen i distrikta har kome fram. Den nye investeringsstøtta er komen for å trygge den framtidige tilgangen til drivstoff i dei mest perifere distriktsområda. Ordninga skal medverke til naudsynt oppgradering av eksisterande anlegg og at det vert høve til å etablere nye anlegg.
Den ordinære utviklings- og investeringsstøtta
Det har dei siste åra kome fram eit behov for ytterlegare å styrke daglegvarebutikkane i dei mest perifere distriktsområda. Dette vert gjort gjennom ei eiga investeringsstøtteordning. Ordninga skal medverke til at daglegvarebutikkane i marginale marknader kan moderniserast og utviklast til å bli meir konkurransedyktige.
Ordninga gjeld for Merkur-butikkar og ho er todelt. Det vert delt ut ei investeringsstøtte og ei utviklingsstøtte. Investeringsstøtta skal gå til reine investeringar i butikkane. Søknader om kjøle-/fryseutstyr og butikkdata blir prioriterte. Utviklingsstøtta skal i hovudsak gå til marknadsaktivitetar, mobiliseringstiltak, kompetansetiltak og tilrettelegging for tilleggsfunksjonar og anna. For å vere kvalifisert til støtte må butikkane stette krava til avstand og omsetjing.
Utkantbutikkane er særs viktige for at folk skal bu og trivast på bygdene våre. Butikken forsyner ikkje berre folk med varer, men er òg viktig som sosial samlingsstad. Utan butikken vert bygda mindre robust, og mindre attraktiv for folk som vil busetje seg der. Med den nye støtta har bygdene mogelegheit til å få ein butikk som møter dei høge krava som vert stilt til ein moderne butikk.
Med vennleg helsing
Merkur-programmet
www.merkur-programmet.no



![Anleggsplassen[1]_160x48](http://img4.custompublish.com/getfile.php/1656322.494.crtsuapdap/160x0/5007985_1656322.jpg)

